Grov

tettstad i Tjeldsund i Troms

Grov (nordsamisk Roabadállu) er ein tettstad med 404 innbyggjarar per 1. januar 2024 i Tjeldsund kommune i Troms. Staden ligg på austsida av Grovfjorden. Riksveg 825 og 829 møtest i bygda. Av kommunale tilbod er det barne- og ungdomsskule med symjehall, barnehage, bibliotekfilial og bu- og servicesenter. Det er to mekaniske verksemder der, og det vert også drive jordbruk og oppdrett av laks og skjel. Tidlegare vart det laga båtmotorar ved Grov Mek Verksted.

Grov
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tjeldsund
Areal 0,61 km²
Folketal 404  (2024)
Folketettleik 662 / km²
Postnummer 9446 GROVFJORD
Ferdselsårer 825 829
Kart
Grov
68°40′42″N 17°07′19″E / 68.678333°N 17.121944°E / 68.678333; 17.121944
Wikimedia Commons: Grov

Kjelder

endre