Þorbjarnarfell er eit taffelfjell på Reykjanesryggen, nord for Grindavík på Island. På fine dagar er det panoramautsikt over Reykjaneshalvøya. Þorbjarnarfell er ingen vulkan, men er bygd opp av lava som et stabla opp under siste istid. Fjellet er delt av ein sprekk kalla Þjófagjá (Tjuvegapet), oppkalla etter ein tjuvebande som skulle hatt tilhald der.
Den nordaustlege delen av fjellet syner kraftig termisk aktivitet med høge temperaturar; geologar meiner at eit utbrot vil kome som eit sprekkeutbrot. Eit sprekkeutbrot kan føre til store materielle skader og kutte forsyningsliner og infrastruktur, som Keflavik flyplass, fiberoptiske kablar, telekommunikasjon, vassforsyning og elektrisitet.
Det førre utbrotet i området skjedde i åra 1211 til 1240.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.