Faktaboks

Esja

Esjan

Uttale

-ja

Land

Island

Region
Suðvesturland
Høgd
914
Esja
På klare dagar kan ein sjå Esja frå Reykjavík.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Esja er eit fjell på Island, om lag 10 kilometer nordaust for Reykjavík. Fjellet består av basalt, har bratte og storfelte former og er Reykjavíks byfjell. Esja er lett å nå, og er eit mykje brukt rekreasjonsområde. Ein populær tursti går opp til toppane Þverfellshorn og Kerhólakambur. Høgaste punkt på Esja ligg 914 meter over havet, like ved Hátindur som ein lenge trudde var høgast med sine 909 meter over havet.

På garden Esjuberg ved foten av fjellet blei Islands første kyrkje bygd.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.