Rangá er namnet på to elver på Sørvest-Island. Ytri-Rangá er 55 kilometer lang og har sitt utspring på nordsida av vulkanen Hekla. Eystri-Rangá er 60 kilometer lang med sideelva Þverá og mottar smeltevatn frå breen Tindfjallajökull.
Både Ytri og Eystri Rangá er gode lakseelver. Ved kyrkjestaden Oddi sør for Hella løper elvene saman og kallast herifrå Hólsá.
Rangá har gitt namn til landskapet Rangárvellir som omfattar låglandet omkring det nedre løpet til elvene. Administrativt er området delt i kommunane Rangárþing eystra og Rangárþing ytra.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.