Ein profet er ofte ein bodbringar, éin som fortel vanlege menneske kva ein gud eller ei høgare makt har å seie. Bodskapen blir kalla ei openberring.
Mange profetar har etter kvart blitt sett på som heilage personar. Nokre profetar har òg vore grunnleggjarar av nye religionar. Eit døme på det er Muhammed, som blir rekna som grunnleggjaren av islam.
Profetar finst i svært mange religionar og i fleire verdsdelar.
Den største av profetane i Bibelen var Moses. Moses blir rekna som profet i både jødedom, kristendom og islam. Koranen nemner 24 profetar. Den siste er Muhammed.