Faktaboks

Administrasjonssenter
Eivindvik
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 234 (2024)
Landareal
577 km²
Høgaste fjell
Svadfjellet (878 moh.)
Innbyggjarnamn
guling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4635 (frå 01.01.2020, tidlegare 1411)

Kommunevåpen

Kart: Gulen kommune i Vestland
Gulen kommune i Vestland fylke.
Kart: Gulen kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Eidsfjorden

Eidslandet

Gulen er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke. Gulen ligg sør for munninga av Sognefjorden.

Gulen heitte Evenvik fram til 1890. I 1858 vart Solund skilt ut som eigen kommune. Kommunen fekk sine noverande grenser i 1964 då den tidlegare kommunen Brekke blei innlemma, og øya Losna nord for Sognesjøen blei avstått til Solund.

Natur

Brekken

Risnefjorden sett mot Brekke

Gulen består av 80 prosent fastland og 20 prosent øyar. Dei største øyane er Sandøy (31,9 kvadratkilometer), Hisarøy (18,7 kvadratkilometer), Byrknesøy (18,7 kvadratkilometer) og Mjømna (10,3 kvadratkilometer). Fastlandet er sterkt oppskore av Gulafjorden og dens armar. Dei ytste øyane er låge, til dels myrlendte. Dei høgaste fjella finst i aust med Svadfjellet på 878 meter over havet.

Berggrunnen består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen, og heilt i sørvest ligg nokre småøyar med devonsk sandstein som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet. I Brekke er den største nedbøren i løpet av eit kalenderår her i landet registrert med 5596 millimeter.

Dyrelivet i Gulen omfattar hjort, rødrev, røyskatt, mår, mink, ekorn, snømus, markmus, lemen og hare. I elver og vassdrag finst sjøørret og røye. Området er rikt på havørn og sjøfugl.

Verneområder

Kommunen har sju naturreservat: Grima, Guleskjeret, Kvernøyna, Lihellene, Ramsbarden, Sogneoksen og Vassøyane.

Busetjing

Folketal

1951 2917
1952 2885
1953 2851
1954 2812
1955 2767
1956 2710
1957 2679
1958 2649
1959 2664
1960 2618
1961 2587
1962 2556
1963 2546
1964 3250
1965 3216
1966 3152
1967 3086
1968 3040
1969 3015
1970 2942
1971 2844
1972 2835
1973 2835
1974 2825
1975 2831
1976 2798
1977 2791
1978 2781
1979 2748
1980 2729
1981 2734
1982 2705
1983 2693
1984 2687
1985 2668
1986 2664
1987 2650
1988 2635
1989 2609
1990 2606
1991 2585
1992 2531
1993 2527
1994 2502
1995 2489
1996 2503
1997 2475
1998 2501
1999 2503
2000 2489
2001 2473
2002 2473
2003 2450
2004 2462
2005 2459
2006 2417
2007 2406
2008 2356
2009 2283
2010 2302
2011 2299
2012 2310
2013 2305
2014 2315
2015 2335
2016 2370
2017 2371
2018 2345
2019 2322
2020 2297
2021 2272
2022 2230
2023 2228
2024 2234
Kilde: Statistisk sentralbyrå

På øyane er busetjinga meir konsentrert enn på fastlandet, særleg på vestsida av dei største øyane som Mjømna, Byrknesøy og Sandøy. Her ligg Byrknes ligg ytst på Byrknesøy. Elles er det jamn busetjing langs Sognefjorden og Gulafjorden med ein viss konsentrasjon i administrasjonssenteret Eivindvik på nordsida av Gulafjorden, kyrkjestaden Brekke og skulestaden Dalsøyra ved Eidsfjorden.

Gulen har hatt minkande folketal i heile etterkrigstida, medan folketalet er forventa å liggje omtrent stabilt på omkring 2300 fram til 2050.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Gulen. Tettstadene er til saman 0,9 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Eivindvik 316 14 % 0,4 km²
Byrknes 297 13 % 0,5 km²
Sum 613 27 % 0,9 km²

* Andelen av innbyggjarane i Gulen kommune som bur i tettstaden.

Kart over Gulen kommune
Kart over Gulen kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket er dominerande næring og Gulen har den største gjennomsnittlege bruksstorleiken i fylket med 11,5 dekar (1999). Hovudvekta er lagd på storfe-, saue- og fjørfehald. Gulen har det høgaste talet på verpehøner i fylket.

Det blir drive ein del kystfiske og atskilleg fiskeoppdrett. Gulen er ein monaleg havbrukskommune. Fiskeforedlingsbedrifter i Brekke og på Byrknes. På grunn av nærleiken til Mongstad er industrien i vekst, og i Gulen Industrihamn blir det bygd tørrdokk for boreriggar og oljeserviceskip. Her ligg Wergeland Base, der vindturbinane til Hywind Tampen skal setjast saman. I Sløvåg finst avfallshandteringsanlegg og dessutan sementvarefabrikk, Wergeland-Halsvik AS, som er den største bedrifta til kommunen. Turisttrafikken er aukande.

Gulen har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei ni vasskraftverka i kommunen produserer til saman 93,0 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Kløvtveit (i drift fra 2006), som står for om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Kvernhuselva (2021) og Storelva (2021). Eviny Fornybar er hovudeigar av om lag førti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Småkraft Uspp 1 med om lag ein femtedel.

Samferdsel

Gulen

Tingplassen for Gulatinget på Floli. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Gulen har vegsamband med Bergen ved riksveg 57 og E39 sørover frå høvesvis Rutledal og Oppedal ved Sognefjorden. Frå Rutledal og Oppedal er det ferjesamband til nordsiden av Sognefjorden. Bilferjesamband mellom Sløvåg og Leirvåg på Lindåshalvøya (riksveg 57). Brua mellom Sandøy og Mjømna opna i 1995 og brusamband mellom Byrknesøy og Mjømna i 1997. Øyene ble landfaste da bru over Brandangersundet åpnet i 2010. Ekspressbåtsamband går mellom Bergen og høvesvis Sogndal og Selje/Måløy, og går innom Sollibotn vest for Eivindvik og Mjømna.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Gulen høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Region Nordhordland saman med Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.

Gulen kommune svarer til dei tre soknene Brekke, Gulen og Mjømna i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Gulen til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Gulen

For statistiske formål er Gulen kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 16 grunnkrinsar:

  • Mjømna: Eidsbotten, Fivelsdal, Brandanger, Hisarøy, Hille, Mjømna, Byrknes
  • Gulen: Sygnefest, Eivindvik, Nordgulen, Austgulen, Dalsøyra
  • Brekke: Oppedal, Asheim, Brekke, Hjartholm

Historikk og kultur

Steinkrossen i Eivindvik.

Steinkrossen i Eivindvik

Av .
Lisens: CC BY 2.0

I Gulen er det gjort fleire arkeologiske funn. Her er steinalderbuplassar som Flolid, Berge og Blidensol, gravrøysar frå bronsealderen (branngraver) og ei rekkje funn frå yngre jernalder. Gulatinget vart truleg skipa på 800-talet. Der vart mellom anna Magnus Lagabøtes landslov utforma. Tinget låg truleg i Eivindvik, men lokaliseringa av tingstaden er omstridd. På Flolid er det laga ein Gulatingpark, med eit minnesmerke laga av Bård Breivik. I Eivindvik står to store steinkrossar.

På fastlandet i nordvest ligg Dingenes, der Håkon jarl slo kong Ragnfred i 978, som var den siste av sønene til Eirik Blodøks. I Eivindvik står to store steinkors som mest truleg er oppførte i samband med innføringa til kristendommen eller truleg vigsla til den gamle tingstaden.

Sellevåg Treskofabrikk med maskiner og eigen kraftturbin er foreslått verna av Riksantikvaren. Den Trondhjemske postveg går gjennom kommunen. Poståpneriet i Halsvik, som var i drift i perioden 1887 til 1968, er i dag stilt ut i det nye postmuseet på Maihaugen i Lillehammer. Gulen kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1863, påbygd i 1938 og 1963. Ein døypefont i stein frå omtrent år 1000 vart sett inn i kyrkja i 1905. På Verkland er reist ein bauta til minne om Henrik Wergeland, med familie som kom derfrå. På Byrknesøy ligg Gulen Fiskarbondemuseum.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har to utbøygde sølvkors mot ein blå bakgrunn. Dette viser til to steinkors i Eivindvik, som er blant dei første monumenta over kristendommen i Noreg.

Namn

Namnet kjem av norrønt gul, 'vindkast', eller truleg av ei germansk rot geul, norrønt gjól, 'kløft'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dåe, Bjarne, red.: Brekke sokn : herad til 31.12.1963 : tun og ætt, 2003.
  • Engesæter, Ludvig: Brekke herred : ei bygdebok, 1944–1946, to bind.
  • Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, andre utgave, 1996, tre bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.