Macbeth er thegn av Glamis og ein røynd krigar som er sentral i å drive ein delvis norsk vikinghær ut av Skottland. Som løn blir han av kong Duncan utnemnd til thegn av Cawdor, noko Macbeth ikkje får vite om med det same.
På veg heim frå slaget blir Macbeth og venen Banquo møtte av tre «weird sisters», hekser som helsar Macbeth som thegn av Glamis, thegn av Cawdor, og som han «som ein dag skal bli konge» (i Edvard Hoem si omsetjing). Dei spår òg at Banquo skal avle kongar, «men sjølv bli ingen», før dei forsvinn.
Macbeth får snart vite at han faktisk har blitt utnemnd til thegn av Cawdor og blir slik overtydd om at han òg kan bli konge. Han skriv til kona si, i teksten berre omtala som Lady Macbeth, og ho bestemmer seg for at ikkje berre kan Macbeth bli konge, men han skal bli det. Når Macbeth etter kvar finn ut at kong Duncan tenkjer å la sin eigen son Malcolm arve kongemakta (i eit land der det ikkje har vore tradisjon for å la trona går i arv), blir han uroa for at det hastar å gjere noko: kongen må døy.
Når kong Duncan kjem til Dunsinane, Macbeths slott i Inverness, legg Macbeth og Lady Macbeth ein plan for å drepe han. Macbeth tvilar på om det er rett, men Lady Macbeth hånar han for nølinga og kallar han umandig. Macbeth drep så kongen med dolk, og Lady Macbeth sørger for at dei dauddrukne tenarane hans er innsmurte med blod så dei får skulda. Macbeth drep tenarane og hevdar etterpå at det var i raseri over mordet på kongen. Prins Malcolm er redd mistanken vil leggast på han, han rømmer til England og ser dermed ut som den skuldige.
Macbeth blir konge av Skottland, men sit uroleg på trona, sidan det visstnok er Banquos etterkommarar som skal bli kongar. Han freistar å få han og den mistenksame Macduff drepne og lukkast delvis: Macduff og sonen til Banquo, Fleance, overlever – Banquo døyr.
Banquo kjem attende som spøkelse og plagar Macbeth under ein stor bankettmiddag. For å få ro i sjela, går han til dei tre heksene. Dei framkallar skrømt og visjonar som kjem med nye spådomar: hald deg unna thegnen av Fife; ingen fødd av kvinne kan skade Macbeth; og
Macbeth skal aldri sjå sin overmann
før Birnams skogar går til Dunsinane
i marsj mot han.
Macbeth er difor sikker på at han ikkje kan tape når ein skotsk-engelsk hær samlast mot han. Lady Macbeth, derimot, kjenner meir og meir skuld, går i søvne og er i ferd med å bryte saman. I siste akt får Macbeth vite at ho har kasta seg frå ein høg mur og har døydd. Snart får han også sjå at «Birnams skogar går til Dunsinane», for fienden har kamuflert seg med greiner og blad, og når dei kjem mot slottsmurane, er det som sjølve skogen går til angrep. Macbeth møter Macduff på slagmarka. Macbeth skryt av at ingen mann fødd av kvinne kan skade han. Men Macduff blei fødd med keisarsnitt, noko han fortel til ein overraska Macbeth før han høgg han ned.
Stykket ender med at Malcolm blir konge.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.