Reykhólar er ein busetnad inst i Breiðafjörður på nordvestlege Island. Staden har heilt frå landnåmstida vore eit viktig høvdingsete. Reykhólar kommune (Reykhólahreppur) omfattar landet omkring småfjordane på nordsida av Breiðafjörður; 236 innbyggarar (2024).
Reykhólar har fleire små, men interessante museum og utstillingar, og er eit populært reisemål for fuglekikkarar. Klippa Látrabjarg er ein av dei beste stadene på Island for å observere og fotografere lundefuglar. Det er Europas største fuglefjell, 14 kilometer langt og opptil 440 meter på det høgaste.
Reykhólar er omtalt i fleire islendingesagaer, mellom andre Eyrbyggja saga, Sagaen om fosterbrødrene, Grettis saga og Njåls saga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.