Dialektane på Sunnmøre høyrer til det vestnorske dialektområdet.
Sunnmøre har frå gamalt av vore orientert sørover. Området låg under Gulatinget og var ein del av Bjørgvin bispedøme heilt fram til 1983. Kontakten sørover har sett merke på talemålet. På Midøya i Midsund kommune går ei skarp språkgrense mellom Romsdal og Sunnmøre. På Romsdals-sida vil det heita en haLv kaLv ligg i ælven å fLyt på ei fjøL (L makrerer tjukke l -ar), medan det på Sunnmørs-sida heiter æ(i)nnj halv’e kalv ligg’e i ælvinnje å flyte på æi fjøl.
Sunnmørsmålet har tradisjonelt ikkje tjukk l eller retrofleksar, noko som skil målet frå romsdalsk i nord. På dette punktet skjer det i dag endringar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.