Enaresamisk er eit samisk språk som blir brukt rundt Enaresjøen i Finland. Litt over 300 av ei etnisk gruppe på kring 700 menneske har enaresamisk som førstespråk. Enaresamisk var i ferd med å døy ut på 1900-talet, men i 1997 blei det sett i gang ei vellukka revitalisering. På UNESCOs liste over trua språk er enaresamisk språk klassifisert som eit alvorleg trua språk.
Enaresamisk er offisielt språk i den nordfinske kommunen Enare, i tillegg til nordsamisk, skoltesamisk og finsk. Enare, den einaste kommunen i Finland med fire offisielle språk, er ein del av samernas hembygdsområde / saamelaisten kotiseutualue i Finland – Sämikuávlu ('sameområdet') på enaresamisk.
Endonymet for språket er anarâškielâ. Den største tettstaden i Enare kommune er Ivalo. I kommunen ligg òg Enaresjøen, den største innsjøen i Finland. På enaresamisk heiter kommunen Aanaar, tettstaden Avveel og innsjøen Aanaarjäävri. Det enaresamiske ordet for 'same' er sämmilâš.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.