Landsmål er namnet på skriftnormalen som språkforskaren Ivar Aasen var leiande i å utarbeide, og som vart utvikla vidare. Frå 1929 fekk landsmålet nynorsk som offisielt namn.
Faktaboks
- Også kjend som
-
det norske folkemaal
det norske Folkesprog
Etter 1929: nynorsk
I Prøver af Landsmaalet i Norge (1853) tok Ivar Aasen i bruk nemninga «Landsmaal» («et almindeligt Landsmaal») om den skriftnormalen han utarbeidde på grunnlag av bygdemåla.
I andre delen av boka har han 16 stykke på tre ulike stilnivå på normalisert landsmål, i første bolken 32 målføreprøver frå 20 bygdemål. Med den nye nemninga «Landsmaal» meinte Aasen eit felles språk for heile landet, eit riksmål, ikkje eit språk berre for landsbygda. Landsmål og riksmål har dermed same tyding: «eit språk for heile landet», sjølv om målformene var ulikt.
I den første grammatikken og ordboka hadde han brukt «det norske Folkesprog» i titlane: Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850).
Den endelege grammatikken og ordboka, der han fullfører arbeidet med det nye skriftspråket, ber titlane Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873). Det stod i motsetnad til det etablerte skriftspråket på denne tida, som var dansk.
«Landsmaal», «norsk» og «det norske folkemaal» eller «det norske Folkesprog» vart seinare nytta parallelt i Noreg, men «landsmål» kom til å bli den dominerande nemninga. Ordet vart brukt i svensk frå rundt 1750 dels om nasjonalspråk, riksspråk, dels om dialekt.
I 1929 kom spørsmålet om namna på dei to norske målformene opp i Stortinget i samband med endringar i lærarskulelova. Målrørsla gjekk inn for «norsk» og «dansk», eventuelt «dansk-norsk» eller «norsk-dansk». Riksmålsfolk gjekk inn for «landsmål» og «riksmål». Stortinget valde nemningane «nynorsk» og «bokmål».
- Les meir om nynorsk
«Nynorsk» skulle vise at det var tale om norsk på eit nyare utviklingssteg enn gamalnorsk. «Bokmål» hang saman med den nemninga som hadde hevd i lovspråket, «det almindelige bogsprog».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.