Agnes Mowinckel var ein norsk skodespelar og sceneinstruktør. Ho fornya norsk teaterliv, særleg ved Det Norske Teatret, og hadde stor innverknad som regissør. Mowinckel var kjend for modige val av repertoar, sterk psykologisk innsikt og eit visuelt heilskapsblikk.
Agnes Mowinckel starta karrieren som skodespelar på Den Nationale Scene, i rolla som Anna Hielm i Kong Midas av Gunnar Heiberg i 1899. Hun opptredde på mange norske teater, blant anna Nationaltheatret, Centralteatret, Trondhjems Nationale Scene og Intimteatret.
Mowinckel spelte gjerne monumentale roller, som tittelrolla i Henrik Ibsens Fru Inger til Østraat (Nationaltheatret, 1902) og Helene Alving i Gengangere av same dramatikar (Centralteatret, 1919), og Lady Macbeth i William Shakespeares Macbeth (Nationaltheatret, 1920). Ei signaturrolle var Merete Beyer i Hans Wiers-Jenssens Anne Pedersdotter (Nationaltheatret i 1941, gjentatt i eigen regi på Trøndelag Teater i 1942, Den Nationale Scene i 1955 og Det Nye Teater i 1957). Hennar psykologiske sans førte ho også mot moderne menneskeskildringar. Det hende at hun spelte roller i oppsetjingar som ho sjølv regisserte, men i tida si som regissør takka ho berre unntaksvis ja til skodespelarroller i andre sine oppsetjingar.
I 1949 feira ho sitt 50-årsjubileum som skodespelar i Kjeld Abells Dronning går igjen på Nationaltheatret. I Oslo Nye Teaters minneførestilling ved Camilla Collett-jubileet i 1963 stod ho på scena for siste gong, i rolla som den gamle Camilla Collett.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.