Reykholt er Snorre Sturlasons hovudgard i Borgarbyggð på Vest-Island, 155 kilometer nordaust for Reykjavík. Her blei Snorre drepen i 1241.
Faktaboks
- Uttale
- rˈeik-
I 1947 blei Noregs nasjonalgåve til Island, Snorrestatuen av Gustav Vigeland, avduka på Reykholt. Snorres steinsette badebasseng Snorralaug er eit av dei eldste varme bada på Island. Snorrastofa kultur- og mellomaldersenter opna her i 2000.
Reykholt har vore kyrkjestad sidan tidleg kristen tid. Reykholt har i dag to kyrkjer: ei trekyrkje som blei bygd 1886–1887, og ei ny kyrkje som blei innvigd i 1996.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.