Charlotte Frogner er ein norsk skodespelar som tolkar allsidige og krevjande roller på teater og film. Ho har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2004.
Charlotte Frogner
Faktaboks
- Fødd
- 9. april 1981, Løken i Aurskog-Høland

Bakgrunn
Charlotte Frogner er fødd i Løken i Aurskog-Høland i Akershus. Ho var elev ved Bjørkelangen videregående skole (1997–2000) og Romerike folkehøgskule (2000–2001), før ho tok skodespelarutdanning ved Statens teaterhøgskole (no Teaterhøgskolen) (2001–2004).
Skodespelarkarrieren
Teater
Sidan 2004 har Frogner vore tilsett ved Det Norske Teatret. Rollene hennar spenner vidt, frå Alma i Få meg på, for faen av Olaug Nilssen (2007) til Lady Anne i Richard III av William Shakespeare (2007) og Dora i Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre av Lukas Bärfuss (2012). I komedien Evig ung (2009–2010) av Erik Gedeon spela ho seg sjølv som 94-åring. I 2014 spela ho rolla som Gunvor Smikkstugun i dramatiseringa av romanen Trost i taklampa (1952) av Alf Prøysen. Frogner har ��g vore med i Det Norske Teatret sine oppsetningar av mellom anna Snøkvit (2017), Den siste kongsfesten (2018), Kva nashornet såg (2018), HyPer i Egypt (2018), Tschic (2019) og Bienes historie (2020). Ho har òg vore med i oppsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt på Gålå (2008–2021). Her har ho spela rollefigurane Ingrid, Den grønkledde og Anitra.
TV og film
Frogner er mykje brukt i filmar og i fjernsynsseriar. I novellefilmen Nora, i serien Ekko av Ibsen (2006) spela ho Nora, og i dramaserien Hvaler (2008 og 2010) hadde ho hovudrolla som den tøffe og ambisiøse psykologen Maria Blix. I grøssarkomedien Død snø (2009) og Død snø 2 (2014) spela ho rolla som Hanna. I tillegg har Frogner vore stemmeskodespelar i fleire animasjonsfilmar for barn, blant anna i KuToppen (2018) og Kaptein Sabeltann og den magiske diamant (2019). Frogner har òg hatt ei sentral rolle som Celine Kopperud i NRK sin humorserie Side om side (2013-).
Utmerkingar
Frogner vann prisen for årets gjennombrot under Komiprisen i 2009 for rolla ho spela i Evig ung. Same året vann ho òg prisen for beste kvinnelege skodespelar under Seoul International Drama Awards for innsatsen i fjernsynsserien Hvaler.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.